Bio

Ingebjørg Lognvik Reinholdt er ein kvedar frå Seljord i Telemark. Mens andre ungar høyrde på Michael Jackson og dansa til Scatman, gjekk seks år gamle Ingebjørg opp til Ragnar Haugstøl og lærde seg gamle Seljordsviser. Sida den gong har ho kveda, sunge viser, dansa, vært med i teateroppsetningar, heldt konsertar og kurs, samt fordjupa seg i folketradisjonane. Ho syng alt frå freidige stev til mørke middelalderballadar. Ho syng til og med moderne musikk, men då helst med ein liten folketvist. Gjennom utdanninga har ho opparbeida seg ein rik kunnskap om kulturhistorie og sangtradisjonar i Noreg. 20 år med formidling har satt sine spor og sjølv om ho kanskje ikkje dansar som Jackson, så stevjar ho minst like bra som Scatman.

Ingebjørg kan opptre aleine og med band. Ho har ferdigsydde konsertar som blant anna ”Soga om Guro Heddeli”, ”Songen om havet” og ”Draumkvedet”. Ho held konsertforedrag om Noregs musikktradisjonar og tilpassar innhaldet etter publikum og plass. Ingebjørg syng på festivalar, på små og store scenar, i gravferder, i bryllaup, på kulturarrangement og andre lag som treng ein tone. Gjennom kurs lærer ho bort folkesong og forteljingsglede til liten og stor.

Ingebjørg forelska seg tidlig i korleis folkemusikkens humoristiske, vakre og mørke skildringar fangar livet i all sin galskap. Både livet no og livet då, uløyseleg knyta saman.

Dette ynskjer ho å gje vidare.

Folkesangens enkle og reine format skapar ein ro som er sjelda å finne i dagens støyande samfunn. Freden ein folketone skapar kan ikkje gjenskapas eller masseproduserast. Den skjer her og nå. I tråd med dette er Ingebjørg opptatt av ei rein og tydeleg formidling. Det skal være lett å forstå, morosamt og berikande å høyre på Ingebjørg. Ved å knyte dåtida til nåtida kan publikum kjenne seg att og la seg rive med. F.eks. er Guro frå Heddeli eit middelalderens svar på Celina Midelfart, og sommarstøylen den tids jentetur til Aya Napa. Bytt ut shopping med mjølking.

Og nøkken kan jo vere verkeleg. Men han kan også vere ein måte å forstå menneska sine destruktive sider. Visene framførast med ein bakhistorie, som skildrar korleis det var og korleis det er. Gjerne med ein underholdande og humoristisk tone, der det seg sømer.

 

kvedar og songar