Songtekstar – Songen om Guro
Tekstane er dikt frå bygdediktaren Jørund Telnes’ sin diktsyklus «Guro Heddelid» frå 1880
. I tradisjon etter alle gode historieforteljarar, har vi laga var eigen vri.
- Guro Heddelid etter Ragnar Haugstøl
Det var Guro uppi dalen, vent det var å sjå ei slik
Då ho sette seg i salen, då var ho ei dronning lik Messa inkje presten sette før at Guro komi er
Trutt så laut han halde dette, tre pund smør for det han fær
Når ho kom på Brimsebakken, så ho ned i Seljord såg Ringle beisle fint på Blakkjen høyrde dei der kyrkja låg Og dei klokkun tok til svinge då ho var ved kyrkjeled Blakkjen han var god til springe, lett frå salen sveiv ho ned
Malir gylte, lauv og syljur hoppa glad på unge bryst håret hekk i gule bylgjur etter ryggjen langt og ljost friske rosur spratt på kinnet, rak som seljetein ho stod Slik ei møy var rar* å vinne, alle laut på henne glo
Som ein dronning bar ho skallen, der ho gjekk der stod ein straum sett` ho seg på kyrkjepallen, gav dei snaut på presten gaum * då dei kom til Seljordskyrkja, gilde gutar langt i frå
inkje just for trui styrkja, det var Guro dei vill` sjå
*dette blir vel meir brukt som sjeldent/vanskeleg, som engelske «rare» *merksemd/legge merke til
2
. Sverdet etter Eivind Groven/Øyonn Groven Myhren
Det var eit basketak, kan du tru på Heddelid, for Guro lika leika med gutane ei tid.
Men stor ho var i hugjen, og vond ho var å få. Det var som taka skuggen, og fisken uti å*.
Eit sverd det hekk på veggen, det fyrr hadd` vore blankt
. Ein fot det var i breiddi, tri alner var det langt.
På detta peikad Guro og sagde so ifrå
Den som kan detta svinga, skal Sigurds dotter få!
Så mangein kom langveges og skulle prøva på Um dei vann svinga sverdet, så dei kunn Guro få Med skam dei snudde ryggjen, og såg seg ingi von Den fyrste sverdet lyfte, var Tore Smylimoen
Og seinst det kom to gutar, i armane var stål Han Torgeir ifrå Uppstad, og Tor frå Sundbø snål Dei begge kunne syne at dei var Guro verd, og det var vondt å vita, kven kom til vinna her
*elv
3. Hallvor Uvaas frir
/:Han Hallvor frå Uvaas sat drukkjen i lag:/ Så slo han i bordet: imorgo den dag
– så hentar eg Guro av Dalen
/:Det var rike Hallvor, tok gangaren ut./ Og sjøl var han kledd som ein høveleg gut – så hentar eg Guro av Dalen
/.Han hytte og skreik: tak mot gangaren min:/ Og sidan så gjekk no den Uvaasen inn
– imorgo flyt Guro av dalen
Men Guro var slu og ho kom seg i hug ho gjorde seg venleg og last vera blug
Ho henta frå kjellaren fjorgamalt øl baud Uvaasen drikke og last drikka sjøl
/: Og Uvaasen drakk og han tenkte med seg :/ Når eg er litt drukken, då rø`r eg best for meg
/: So tømde han ølbollen gong etter gong :/ Til han sat i benkjen og vavra og song
– tralla dl a di da dl a di deia
Han sverdet skal svinga og gjera det vel men nær hadde det slege honom i hel
Snart låg han på tilet* så lang som han var “No gutar” , sa Guro, “det var au ein kar”
/:På sadelen vart han då baklenges sett:/ Og kring um hans hals vart eit geiteband sprett
/: Dei batt`n på borkjen med bast og med reim :/ Den gongen kom Uvaasen baklenges heim
/: Med smågrisen burde du liggje i kro, :/ Ei kringla på staven ho var deg for god” – Du hentar ikkje Guro av dalen
*golvet
(kringla på staven, er den nederste ringen på skistaven trur eg)
4. Tore Smylimoen melodi: Ingebjørg L. Reinholdt
Tore: *Drosi burt i halli fer, i dalen er venaste lilja Sæl er den som henne fær, han trør ikkje sakte i tilja
Når ho fram i halli fer, det vent i åsane hjalmar Når ho glad i dansen ler, dei andre drosine falmar
Guro: *Snåle æ drengjine sæle i Veenlidnut Kom te meg i selet, du vene gut Romegraut me kokar då, rjuka, dravle skå du få Kom te meg i selet
Myrkt det er om kvelden med gygrerop
Men me sit ved elden og svallar* ihop Hyrdingen eg sender heim, han skå hente sylv og reim Kom til meg i selet
*jente*kjekk/grei*pratar
Torgeir og Guro-stev (måtte kuttas på plata, er med i forestillinga)
Eg veit ei møy under hyrdinghetta, så ven som soli i lii spretta. Der fins’kje maken i sud hell’ nord, nei om du leitar den heile jord. Du raudna lite det kan eg lika, eg trur no inkje du vil meg svika. Du raudna lite, ditt auga skein, du bløyter kjempa så hard som stein.
Eg synes godt om den gilde bunad, det tykkjes gildt bera brurekruna. Men endå synes eg det gjeng fort, at ungdomstida skal sviva burt. Det æ så moro å gange jente, eit år hell’ to kan me sakte vente. Eg vissa heve i gåva her, me vigde er ved det gamle sverd.
Eit år hell to kan vel lite mona, du veit at jenta skal verta kona
. Og Sigurds dotter og hennar ætt me endå høgst upp på pallen set
Reassessment and follow-up should be conducted at generic viagra online for sale Almost.
.
Slik kar æ snåle å sjå i salen, og når han rid gjennom Grunningsdalen. Det æ rart å sjå slik ein hest å kar, der fins’kje maken i kongens gard.
5. Torgeir Uppstad
Så var det Torgeir Uppstad, han tok ut sin grå Så legg han den sylvknappa salen uppå – det leikar så fager ei sol der uppi dalen, det leikar så fager ei sol –
Og Gråen han sprang så at gneistane stod Og månen i skyi stod raud liksom blod
Han svinga seg av salen, batt gangaren fin Så banka han på dynni og ba om koma inn
Men Guro ho fekk ikkje låsen ifrå For Tor i frå Sundbø han heldt henne på. – men Torgeir han lot seg’kje stogge endå, han spende så dynni flaug frå –
Og liksom to bjørnar isaman dei dreiv Så steinar og mold upp or tunet det sveiv
Så hæve ein gut utpå tunet låg stiv Han Tor ifrå Sundbø laut lata sitt liv
Guro-stev (er med i forestillinga)
Det er` kje greitt om ein heve valet, ein kan som tidaste taka skalet*. For stundom tenker du frå og til, du veit` kje vel, kven du taka vil.
Eg aldri gløymer den stygge kvelden, eg tykkjest sjå`n inn under felden. Eg tykkjest sjå, kor dei hogg og slo, eg tykkjest skoda hans unge blod
Med Tore heve eg lenge velat, og rett så god som han er til spela! Og sprækast guten, så vidt eg veit, hev fagert mæle og hugjen heit.
Berre far min livde, men eg he mist’ han, eg her som fuglen sit vill på kvisten. Når mor og far heve falle frå, kven skal då kunne gje meg råd?
Med Torgeir må eg vel bere kruna, då held eg ordet som far eg lova. Og det er godt for ei vidje veik å stø seg innatt den sterke eik.
*uttrykk brukt i folkeviser, ofte også kalla det tomme skalet.
6. Festet
Så fagert eit par ut på vegen det rid – gjennom lunden –
D ́ er Torgeir og Guro som feste vil bli
– for vene gilde møyane, so må du noko våga
Og Tore i lønndom han etter deim fer D` er tungt ljota missa den du heve kjær!
Ved kyrkja hev Tore ein båt lagt i land.
So dreiv han til Torgeir, så blodet det rann.
So spring han med Guro so lett som ei hind dei hoppar i båten så snøgt som ein vind
Men som dei på Gardvik fyr altaret stod, med spjot og med øksar på dynni det slo
Og inn i kapellet han Torgeir so stig. Og Guro ho ned framfyr altaret sig.
Og presten han gjekk utor altaret ned:
Guds kyrkja er heilag, her lyser eg fred!
“Du akta deg Torgeir, du opna` kje blod! Eg støyter deg ned uti eld og i glod! No sparar du Torgeir ditt sylv og ditt stål”
“Mi festarmøy aldri ifrå meg de riv, fe henne så vågar eg ære og liv!”
Og Torgeir spring fram og til Tore han høgg fyr altaret fell Tore, i Guro det nøgg
Med Guro på gangaren Torgeir då reid Og dagen der etter då feste var dei.
*Feste=forlova, men bindande avtale med rettslige følger.
7. Giftet
So var det utpå våren, då gaukjen gol i lid,
og bjørki stod og lyste, og soli skein så blid. Då kom det ned frå dalen ei brudferd, stor og kåt, igjennom bjørkeskogen med trommeslag og låt
Og Guro sat i salen med raude stakkar på Og soli skein på kruna, som lyste langt ifrå Ålbunad* av skarlakan i ljose håret hekk,
og kring um granne livet eit sylvarbelte gjekk
Då hamrad mangt eit hjarta, som hadde att ei von, men den som aldri gløymde var Tore Smylimoen Kvar sumar upp på stølen han hadde henne møtt, der hadde Tore spela, ho hadde dansen trødt.
*hårband
8. Eg hae meg ein ven
etter Unni Boksasp til vest-telemarksdialekt ved Ingebjørg L. Reinholdt
Jeg hae meg ein ven i mine unge dager som aldri frå meg gjeng så lenge livet varer
Jeg hae meg ein ven, så vel i hjarta gøymd Som tross vår kjærleik ven, no heve meg utgløymd
I mellom deg og meg, der tendtes opp ei lue der tendtes opp ein eld, som var til dagleg plage Men hvo kan dempe den, eg veit meg inga råd Eg sørgjer til min død om eg deg ikkje får
Der står i skjenk for meg, tre sørgjefulle skåle Den eine drakk eg ut, den andre står i målet Den tredje står i skjenk, med galle og med ve Den må eg drikke ut, med stor bedrøvelse
Å gje du var hos meg, så mange mange nettar som lindi bere lauv, som haslen bere netar, som fuggel uti lund, som sand på havsens bunn, som stjerner uten tal, på himlens frydesal.
9.Guros bånsull
Då eg var ung, såg eg berre gleda, no sit eg her og må sutfull kveda No ser eg atter mi ungdomstid /: som soli glar attum grøne lid :/
Eg høyrde fela, der eg gjekk gjette, og guten som under greini sprette. Og leiken, som under bjørki let /: han tegjer sumar, han tegjer vet:/
Der blomar stend med tår i kransen, dit som ho sveiv inn i beledansen Der ser dei Guro sin kjærleik sveik /: ho såg seg blind på ein blodut leik:/
Som vatnet seg gjennom berg kan brjota, så må au tårerne eingong fljota. Med ulv og toka han endå gjeng /:Min ungdom ligg som ei turka eng:/
10. Beltespretting*
*beltespretting var visstnok ein måte å løyse konflikter i middelalderen. Ein står rygg mot rygg og spenner eit belte rundt begge. Så har ein kvar sin kniv. Litt usikkert kva reglane var for når ein sigra, men det endte visst ofte på dette viset.
På Venås der turar dei gjestebod, alt uti vikune to Bede var nære og langt ifrå, og drykkjen var sterk og god
Der gjeng han Torgeir frå Heddelid, og Sundbø’en sterk og stor Det spørjast so kva enden blir, kvan køyrast skal no til jord
Torgeir han gjeng der på tufti breid, Sundbøen imot han byd Slær med neven i bordet vreid, kven tøre imot meg kny?!
Torgeir upp med bordet sit, Sundbøen eggjar han hardt Av vreide kvit han i lippa bit, og uppe så er han snart.
Beltet dei spretter og kniven dreg, rundt dei i huset fôr Blodet det fargar golv og vegg, dei bryter ned benkjer og bord.
Torgeir han datt på slutten ned, anden ifrå honom fôr. Gamle Gråen han datt i kne, når husbond han drog til jord.
11. Draumen
Statt upp kjære moer, og rekk oss di hand Her gjeng du og tuslar so åleine
Og skipet det ligg alt å ventar ved strand Krist sender oss kjolen den kvite
– Det ber så vent frå land, Krist sender oss med kjolen den reine –
Statt up kjære moer, og drag honom på
I den du brud for Herren din skal standa So siglar me til stjernun ligg bak i bylgjun blå og høgt over sol skal me landa
– Det ber så vent frå land, og høgt over sol skal me landa –
Guds moer ho i himmelen leider deg inn Til gullstolen fram ho deg fører
Der sit du ein engel, so ljos og so fin Og gullstrengen blideleg rører
– Det ber så vent frå land, og gullstrengen blideleg rører –
PS: Til forvirring er tekstane på plata litt forskjellige frå forestillinga. I forestillinga har me endra rekkefølge, bytta ut nokre namn og kutta ut nokre karakterar for å gjere historia lettare å følge. På plata syns eg det var viktigare å legge att dei fullstendige tekstversjonane for ettertida, og Tor frå Sunnbø og ungane til Guro har difor fått kome med.
All tekst og alle karakterar er i begge høve tatt frå Jørund Telnes’ sin diktsyklus.